Fotograf MA

Fotograf MA Fagfotograf & Medlem av Norges Fotografforbund. Qualified European Photographer
Fotograferer både privat & næring Jeg elsker magien i et fotografi.

Som fagutdannet fotograf, har jeg lang erfaring innen yrket. Om du er ute etter en fotograf som gir det lille ekstra, så ta kontakt. Jeg har fått mye premieringer på landsnivå, og leverer håndverk med stor yrkesstolthet. Ta kontakt om du skulle ha spørsmål.

En vakker sneak-peek fra et helt eventyrlig April bryllup. Altså... Sjå på dei to her.. Takes my breath away...
10/04/2026

En vakker sneak-peek fra et helt eventyrlig April bryllup. Altså... Sjå på dei to her.. Takes my breath away...

kjærleiken i det stille.. Her nyt ein nærvær og takksemd over å være heime i kvarandre.
31/03/2026

kjærleiken i det stille.. Her nyt ein nærvær og takksemd over å være heime i kvarandre.

Eit lite bilete, men ei stor historie 🤍Desse to har halde saman sidan ungdomstida – vakse i lag, og stått side om side g...
31/03/2026

Eit lite bilete, men ei stor historie 🤍

Desse to har halde saman sidan ungdomstida – vakse i lag, og stått side om side gjennom alt livet har gitt. Det er noko heilt eige med dei, ein ro og ein tryggleik som berre kjem av å ha valt kvarandre, igjen og igjen.

For det er nettopp det kjærleik er – eit val. I det stille, i kvardagen, i alt som ikkje alltid blir sagt høgt. Å stå ved kvarandre, løfte kvarandre, og vere den trygge plassen når livet både mjuknar og utfordrar.

Saman har dei skapt noko vakkert – tre flotte gutar og eit familiebånd som kjennest sterkt, varmt og ekte. Ein liten flokk, bygd på tillit, omsorg og ei djup forankring i kvarandre.

Eg ser det i blikka deira. I måten dei står nær. I det usagde som likevel rommar alt 🤍
Dette er eitt av mine favorittbilete frå fjoråret – fordi det minner oss på det viktigaste:

å velje kjærleiken, kvar einaste dag ✨

Nokre glimt frå portretta eg tok av denne flotte gjengen ✨Av over 20 tilsette – alle like naturlege og flotte framfor ka...
27/03/2026

Nokre glimt frå portretta eg tok av denne flotte gjengen ✨

Av over 20 tilsette – alle like naturlege og flotte framfor kamera – er det ikkje lett å velje ut berre nokre få. Eg skulle gjerne delt alle, for kvar einaste ein bidrog til eit heilskapleg og ekte uttrykk.

Her har eg plukka ut eit lite utval, i ein miks av fargar og svart/kvitt, som viser breidda og stemninga vi skapte saman.

Bileta er tekne i det lyse og flotte lokalet til bedrifta, noko som gav ein rein, eksklusiv og moderne look. Her går kvalitet og eksklusivitet verkeleg hand i hand – akkurat slik gode portrett skal gjere.

Det er alltid ekstra kjekt å få jobbe med lokale bedrifter som verkeleg ser verdien av gode portrett ✨For nokre månader ...
27/03/2026

Det er alltid ekstra kjekt å få jobbe med lokale bedrifter som verkeleg ser verdien av gode portrett ✨

For nokre månader sidan fekk eg fotografere ein flott og glad gjeng under nasjonal samling i Ørsta – med deltakarar frå fleire kontor samla på eitt stad. Eg fekk bruke god tid gjennom dagen til både gruppebilete, individuelle portrett og situasjonsbilete som fangar det ekte og levande uttrykket i miljøet deira.

Gode portrett handlar ikkje berre om å “sjå bra ut”. Dei handlar om truverde. Om å vise kven de er – ekte menneske bak tenestene de tilbyr. Når ei bedrift investerer i profesjonelle bilete, styrkar dei merkevara si og skaper ein tydeleg, eksklusiv og tillitvekkande profil utad.
Ansikta deira blir ein viktig del av identiteten – det kundane møter, kjenner igjen og får tillit til.

Eg blir rett og slett så glad når lokale aktørar vel å satse på dette 💛 Når dei vel ekte bilete framfor stockfoto, og kvalitet framfor raske mobilportrett. For forskjellen – den er tydeleg.

Til slutt vil eg kome med ei anmodning til lokale bedrifter: Har de lyst til å løfte merkevara dykkar med profesjonelle portrett?

Ta gjerne kontakt – eg hjelper dykk gjerne i gang!

Den 12.mars 2026 samla sentrale aktørar frå offshorenæringa seg til seminar og nettverkskveld på Thon Hotel Fosnavåg. Ar...
14/03/2026

Den 12.mars 2026 samla sentrale aktørar frå offshorenæringa seg til seminar og nettverkskveld på Thon Hotel Fosnavåg. Arrangementet vart arrangert av Advokatfirmaet Selmer og Clarksons.

Programmet baud på faglege innlegg om marknadsutvikling i offshoresektoren, teknologi og nybygg, juridiske tema og kapitaltilgang, før kvelden vart avslutta med paneldebatt, tapas og mingling.

Det er alltid kjekt å få dokumentere slike arrangement – der kunnskap, engasjement og viktige bransjesamtalar står i sentrum. Som fotograf set eg stor pris på at arrangørar ser verdien av å ha ein profesjonell fotograf til stades for å fange stemninga, menneska og dei mange interessante foredraga som blir delte.

Tusen takk for tilliten til å dokumentere arrangementet.

EG ER FINALIST!Eg må nesten klype meg i armen – og ja, det kom faktisk eit lite gledes-hyl!Eg er finalist i FEP Awards 2...
13/03/2026

EG ER FINALIST!

Eg må nesten klype meg i armen – og ja, det kom faktisk eit lite gledes-hyl!

Eg er finalist i FEP Awards 2026 i kategorien People and Portrait. Denne konkurransen blir ofte omtalt som VM i fotografi, og berre det å nå heilt til finalen kjennest ganske uverkeleg.

I denne kategorien blir ein vurdert ut frå ei serie på fire bilete, der det er dei tre høgaste poengsummane som tel i den endelege rangeringa. Det er desse tre bileta som til saman har gitt meg finaleplassen.

Alle finalistane må også gjennom ein grundig kontroll der RAW-filene blir gjennomgått av eit eige panel for å sikre at bileta er tekne innanfor reglane, at arbeidet er fotografen sitt eige, og at det ikkje er brukt kunstig intelligens. Denne kontrollen er no gjennomført.

Og idag fekk eg endeleg beskjed om at eg er finalist ❤️

Det siste året har vore turbulent på privaten, så akkurat dette treff ekstra sterkt i hjartet. Å stå i ein internasjonal finale kjennest både stort, audmjukt og heilt fantastisk.

Prisutdelinga går av stabelen på Island i slutten av april – og eg gler meg enormt!

For eit eventyr dette er ✨

Nokre fotograferingar set spor i hjartet. 🤍Denne vesle guten kom til verda nesten to månader for tidleg. Starten på live...
06/03/2026

Nokre fotograferingar set spor i hjartet. 🤍

Denne vesle guten kom til verda nesten to månader for tidleg. Starten på livet vart ikkje slik foreldra hadde sett for seg. I staden for rolege dagar med nyfødtlukta tett inntil, vart det mange veker på neonatal – med operasjonar, komplikasjonar og ei venting som kjennest uendeleg når barnet ditt er så lite.

Då han kom til studioet mitt rundt termindatoen sin, var han nesten to månader gammal. Likevel sov han godt og roleg. Og vi fekk mange nydelege portrett av vesle prinsen.

Eg oppmoda mamma til å vere med på nokre bilete. For dette er ei tid som aldri kjem tilbake. Å fryse eit slikt augeblikk – der ein veit at alt gjekk bra, at dei begge kom gjennom det – gir bileta ei heilt eiga djupne og verdi.

Vi fotograferte i eit stille fineart-oppsett – med mjukt lys og mørk bakgrunn som løftar fram det viktigaste. Der stod dei saman, mamma og son, inntulla i mjuk tyll. To menneske. Eit nytt liv.

Under fotograferinga kjende eg fleire gongar at tårene pressa på. Kanskje fordi eg sjølv har verkeleg kjent på kor skjør starten på livet kan vere. Og nettopp derfor også kor uendeleg stort det er å halde barnet sitt tett inntil seg.

Kjenne pusten.
Varmen.
Den stille, inderlege kjærleiken.

Det finst ei lykke som ikkje kan overgåast.
Og nokre augeblikk fortener å bli tekne vare på for alltid. ✨

For ei stor ære å få fotografere eit klassisk portrett av eit æresmedlem for Ørsta Idrettslag. At biletet mitt no skal f...
02/03/2026

For ei stor ære å få fotografere eit klassisk portrett av eit æresmedlem for Ørsta Idrettslag. At biletet mitt no skal få sin plass på æresveggen i Ørsta-hallen, betyr mykje – både fagleg og personleg.
Det er noko heilt eige ved slike oppdrag. Eit æresportrett skal ikkje berre vise eit ansikt, men formidle verdigheit, historie og den innsatsen som ligg bak ei slik utmerking. Då er det avgjerande med gjennomtenkt lyssetjing, presis komposisjon og ei roleg, tidlaus stemning som står seg over tid.

Når eit idrettslag som Ørsta Idrettslag vel å bruke profesjonell fagfotograf til eit slikt oppdrag, viser det respekt for både personen og historia laget forvaltar. Kvalitet handlar ikkje berre om sjølve fotograferinga – men om heile prosessen frå planlegging, lysarbeid og etterarbeid, til ferdig trykk og produkt. Eit portrett som skal henge på ein æresvegg i mange år, krev rett lysoppsett, etterbehandling, rett papirval og ei gjennomføring som sikrar at uttrykket held seg vakkert over tid.

For meg som fagfotograf er det viktig å levere kvalitet i alle ledd. Eit slikt bilete skal tole både tid og blikk – og vere noko ein kan vere stolt av, også om mange år.

Fotograferinga var både kjekk og meiningsfull, og det var ei glede å få skape eit portrett som speglar både mennesket og æra.

Tusen takk for tilliten og for det fine oppdraget. Det set eg stor pris på.

Nyttårsaftan i fjella i Hornindal ✨Medan dei fleste var heime og gjorde klart til feiring, valde desse to å feire noko e...
21/02/2026

Nyttårsaftan i fjella i Hornindal ✨

Medan dei fleste var heime og gjorde klart til feiring, valde desse to å feire noko endå viktigare – seg sjølve, kjærleiken sin, og den finaste kjernen dei har rundt seg.

På synfaringa i forkant – noko eg verkeleg anbefaler alle brudepar å gjere – hadde vi først funne ein nydeleg plass nede ved vatnet. Men så oppdaga eg ein liten stikkveg som snirkla seg oppover i høgda… og DER opna landskapet seg. Utsikt over fjord og fjell, stille luft og det siste, mjuke lyset før dagen forsvann.

Eg bad dei ta med ei lykt, slik at vi kunne skape nokre stemningsfulle bilete i det dunkle vinterlyset. Og det som skjedde der oppe, medan mørket sakte senka seg, kjennest nesten uverkeleg å setje ord på.
Det vart berre… magisk.

Eit stort kudos til dette fantastiske paret som trosset kulda, stod løpet heilt ut – og lét seg omslutte av augneblikket, naturen og kjærleiken.

Slik startar eit nytt år på den aller vakraste måten 🤍

Eit ekte blinkskot 🤍Tre vaksne søner og ein stolt far – som saman løfter den viktigaste personen dei har. Ho ligg på tve...
17/02/2026

Eit ekte blinkskot 🤍

Tre vaksne søner og ein stolt far – som saman løfter den viktigaste personen dei har. Ho ligg på tvers i armane deira, og latteren sit laust hos alle. Eit slikt augeblink som ikkje kan planleggast fullt ut – det berre skjer. Og nettopp difor er det så ekte.

Eg elskar slike bilete. Dei som ikkje berre viser korleis nokon ser ut, men korleis dei har det saman. Her finst varme, leik, tryggleik – og ei glede som sit djupt i relasjonane mellom dei.

Dette er meir enn eit familiebilete.
Det er eit lite symbol på samhald.
På å høyre til kvarandre.
På kjærleiken som ber – bokstaveleg talt.

Og midt i latteren ligg kanskje det finaste av alt: kjensla av å vere heime i kvarandre ✨

Høgt oppe, på veg mot Hidsegga.Bilen står stille, men hjarta bankar fort.Vi køyrde i høgda for å nå sola før ho forsvann...
09/02/2026

Høgt oppe, på veg mot Hidsegga.
Bilen står stille, men hjarta bankar fort.
Vi køyrde i høgda for å nå sola før ho forsvann bak fjella – og ho venta på oss.

Lyset fell mjukt over dei. Over to menneske som har valt kvarandre.
Kjærleiken ligg i lufta, i blikka, i stilla mellom orda.
Endeleg var dagen her. Den rette dagen for å seie ja.

Livet er no.
Det er ikkje perfekt – men det er ekte.
Det er vakkert fordi det kjennest, fordi det lev, fordi det blir delt.

Å gripe kjærleiken er å våge.
Å feire han er å stoppe opp, sjå kvarandre – og velje kvarandre, igjen og igjen.
Midt i naturen, midt i livet, midt i alt som betyr noko.

Eg er djupt takksam for slike møte.
For tilliten. For nærleiken.
For å få stå stille bak kameraet og vere vitne til noko så stort, så sårt og så sant.

Takk for at eg fekk æra av å fotografere akkurat dykk to 🤍

Adresse

Bøen 19
Ørsta

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fotograf MA legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fotograf MA:

Del

Type