Sjølvstendig næringsdrivande fotograf og grafisk designer. Fotograferer alt frå baby til bryllup,
18/11/2023
Jaggu lenge sidan eg har posta her inne no og mange grunnar til det! Det har vore eit hektisk år på privaten, og på grunn av anna jobb i tillegg har eg ikkje hatt anledning å ta på meg så mykje meir. Men eg er no open for å ta på meg meir igjen, så her er iallefall prislista for 2023/2024. Nettsida er under oppdatering og ikkje tilgjengeleg, så for å booke time send meg ei melding på telefon eller messenger! Ikkje mange helgene att før jul 🙂 Har ikkje eige studio lengre så studiofotograferinger må du sende meg forespørsel om i god tid, då eg må leige studio ved behov og ledighet.
23/12/2022
Med eit bilde frå fjorårets julefotografering ønsker eg alle ei riktig god jul og eit godt nyttår! 🎄✨
12/12/2022
12. desember og berre 12 dagar att til jul!
Idag har eg eit tidsbegrensa supertilbod på GAVESJEKK, den perfekte gåva til deg sjølv eller nokon som fortener det! 🎁 Tilbodet er gyldig ved bestilling innan 16. desember.
Mange nye kunsttrykk og plakatar tilgjengeleg i nettbutikken! 🥳 Sikre deg ei fin julegåve til nokon du kjenner! Hugs berre å bestille i god tid om du vil ha varene levert før jul. 🎄✨
Fotograf og grafisk designer Anette Risnes driver AR Fotografi som er lokalisert i Ålesund, Haram, Sunnmøre, Møre og Romsdal. Anette er ein fotograf med fokus på naturlige og ekte portretter til minneboken.
14/08/2022
Ønskjer du fotografering? Framover er eg tilgjengeleg kun laurdagar og søndagar etter avtale. Studiofotografering i Langevåg eller utandørsfotografering rundt om i heile Sunnmøre. Meir informasjon og bookingskjema finn du her: www.anetterisnes.com
28/07/2022
Så flott 👏🏻
- Nå kan vi gjøre jobben vår, sier reklamefotograf.
07/07/2022
Nytt regelverk tredde i kraft 1. juli i år angåande merking av bilder som er redigerte eller retusjerte. Dette gjer at absolutt alle bilder vi fotografer tek (med mindre man ikkje behandler bildet i det heile tatt) må merkast med dette merket før publisering.
Ein ting er å merke bilder som faktisk er retusjerte i form av hudretusj, kvitere tenner, endring av kroppsfasong, størrelse eller farge på øyne etc. Men med dette nye lovverket skal også bilder som er kun fargekorrigert måtte merkes med «retusjert person» uavhengig om personen(e) på bildet er retusjert eller ei. Dette kan nok virke ganske rart for mange, inkludert oss fotografer. Så ikkje fortvil om bildet ditt blir merka, eller om du ser at alle mine bilder er merka som retusjert. Det betyr rett og slett berre at bildet er redigert slik vi fotografer alltid gjer i etterbehandling av bilder og betyr altså ikkje nødvendigvis at personen er retusjert, slik merket vil ha det til. Eg korrigerer alltid lys og farger i etterbehandling og retusjerer lite utenom kanskje nokre kviser eller sår her og der.
Eg deler her litt info som min kjære kollega Miriam skreiv så fint. 😊
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fotograf Anette Risnes legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Eg ønsker å kunne bidra til å fryse tida, skape minner som varer for evig - bilder som din familie kan dra ut av skuffa fleire generasjonar fram i tid og minnast med glede.
Har du nokon gong tenkt at du burde gått til fotografen og få tatt nokre skikkelege bilder av familien som du kan henge på veggen? Kanskje tenker ein ikkje alltid over kven som står bak kamera når ein sjølv knipsar bilder av store og små begivenheiter i livet.
Ofte gløymer ein at ein sjølv kanskje ikkje er til stades på så mange av bilda fordi ein ofte er den som står bak kamera. Plutseleg har du fleire år av barnas liv dokumentert, men veldig få bilder der du sjølv er med. Det er fort gjort! Viktigheita med å vere til stades på bilder saman med barna og familien er stor. Det er ei tid ein aldri får tilbake, og eg vil iallefall at mine barn skal kunne bla i bilder når dei har blitt vaksne og sjå og minnast livet vårt saman.
Det er viktig for barna å ha bilder av både mamma, pappa og besteforeldre, alle som har vore viktig for dei i livet. Er det noko eg ofte gjer når eg er på besøk hos nær familie så er det å bla i album med gamle bilder.
No til dags har alle mobilkamera og mange knipser mykje bilder med den i kvardagen. Det vil allikevel ikkje seie at du får mange gode bilder - det er kanskje ikkje dei bilda du heng på veggen heime. Bilda ein tek med mobilen blir ofte liggande på nettopp mobilen. Kva med å ha profesjonelle bilder til å pryde veggane heime? Album ein kan bla i saman med familien? Det er verkeleg gull verdt.