Fotograf af Geijerstam

Fotograf af Geijerstam Drammen • Sogn og Fjordane • Svennebrev •
Medlem av Norges Fotografforbund

06.06.26 - Silje 🤍 StianPå årets mest populære bryllupsdato sa dei ja til kvarandre på vakre Svensefjøset, omgitt av sin...
08/06/2026

06.06.26 - Silje 🤍 Stian

På årets mest populære bryllupsdato sa dei ja til kvarandre på vakre Svensefjøset, omgitt av sine nærmaste🤍

Etter ein dag fylt med latter, tårer, gode klemmar og store augeblikk, tok vi turen ut i det varme kveldssola for nokre minutt berre for dei to. ☀️

Her er nokre av favorittane frå kveldsfotograferinga, kanskje finn du din favoritt i karusellen?

Second shooter :
Kjole :
Dress : .drammen
Hår :
Sminke .wold
Lokale :



www.afgeijerstam.com

Dette er ein av grunnen til at eg elskar jobben min! 😭 Frå norgesferie i 2020 til «first look» på akkurat same plass ✨🏔️...
26/05/2026

Dette er ein av grunnen til at eg elskar jobben min! 😭 Frå norgesferie i 2020 til «first look» på akkurat same plass ✨🏔️

I 2020 var Maria på norgesferie med familien, medan Torbjørn jobba som guide på
Det var der dei såg kvarandre for aller første gong. Resten er, som ein seier, historie 🤍

På torsdag møttest vi igjen på nøyaktig same stad for å ta bryllupsbilder. Å få lov til å fange ein «first look» på akkurat den plassen der alt starta … det gav meg gåsehud! Det finst fine bilde, og så finst det bilder som rommar ei heil historie. Å fange ekte historier på slike personlege stader gjer bilda så utruleg mykje meir verdifulle.

Eg klyp meg i armen over at eg har ein så givande jobb, der eg får oppleve og fange slike rørande historier 📸✨

Sveip deg gjennom augneblinkane frå Astruptunet! Kanskje finn du ditt favorittbilde🤍

www.afgeijerstam.com

Eg er veldig glad for å kunne dele detta 🤎 I år sendte eg inn 6 bilder til Landskonkurransen i regi av Norges Fotograffo...
24/03/2026

Eg er veldig glad for å kunne dele detta 🤎

I år sendte eg inn 6 bilder til Landskonkurransen i regi av Norges Fotografforbund. Ein konkurranse for profesjonelle fotografar frå heile landet.

5 av bilda vart premiert og fekk hederleg omtale i bryllupskategorien.

Ein stor takk til alle brudepar som stoler på meg til å dokumentere dagen deira. Det er dessa historiane som gjer arbeidet mitt så meiningsfullt.

Her er dei premierte bilda ✨
Første bilde 📷

www.afgeijerstam.com

No er våren i anmarsj ☀️Det betyr ein ting: tid for familiefotografering ute igjen!Vi skapar både dei tidlause og klassi...
03/03/2026

No er våren i anmarsj ☀️
Det betyr ein ting: tid for familiefotografering ute igjen!

Vi skapar både dei tidlause og klassiske bilda, men fangar også latteren, leiken og det salige kaoset mellom poseringane. Noko som ofte blir dei aller finaste minna.

Vil du sikre deg dato i vår? Send meg ei melding 💛

To små mirakel. To forskjellige år 🤍Først storesøster i 2024, så lillesøster i 2025.Trygt, varmt og akkurat der dei høyr...
19/02/2026

To små mirakel. To forskjellige år 🤍
Først storesøster i 2024, så lillesøster i 2025.
Trygt, varmt og akkurat der dei høyrer til, i armane til mamma og pappa.

www.afgeijerstam.com

2016.Året eg tok eit større steg inn i eit yrke som skulle bli livet mitt.Året eg vart 2.års lærling på Austlandet.Året ...
25/01/2026

2016.
Året eg tok eit større steg inn i eit yrke som skulle bli livet mitt.
Året eg vart 2.års lærling på Austlandet.
Året eg starta bedrifta mi.

Dette var året eg reiste til Stavanger for mitt aller første landsmøte i NFF. Eg hugsar kor stort det kjendes. Ikkje berre fagleg, men det ekte. For fotografyrket kan vere einsamt. Det er mykje tid aleine, mykje ansvar og mykje tvil.
På landsmøtet fekk eg for første gong kjenne på samhaldet. At vi er mange som står i det same, og at det finst ein stad der kreativiteten får nytt løft. Eg har vore med kvart år sidan (med eitt unntak), og det seier vel sitt.

2016 var også året eg reiste til Sverige på kurs med andre lærlingar. Der fekk eg bileta mine løfta fram og stemt fram av to fotografar eg såg opp til. Det var ikkje det viktigaste kva som vart premiert, men kjensla av at nokon såg arbeidet mitt.

Midt oppi alt dette starta eg firmaet mitt. Litt skummelt, men parallelt med lærlingtida mi på Hadeland. Som ein stille start på det som skulle komme året etter. Eg visste ikkje heilt kvar eg skulle, men eg visste at eg måtte begynne ein stad.

Det var også året eg fekk mitt første premierte bilde i laugskonkurransen i Oppland & Hedmark.

Når eg ser tilbake på desse bileta no, ser eg ei jente som prøver.
Som møter opp, lærer, testar og tek plass, litt etter litt.
Ikkje ferdig. Ikkje sikker på alt, men villig til å satse.

2016 var eit innhaldsrikt år.

www.afgeijerstam.com

#2016

Fem år sidan sist eg presenterte meg her inne så no er det på tide med ei lita oppdatering!Eg heiter Emmy Madeleine Vict...
16/01/2026

Fem år sidan sist eg presenterte meg her inne så no er det på tide med ei lita oppdatering!

Eg heiter Emmy Madeleine Victoria, og i år er det faktisk 10 år sidan eg starta bedrifta mi 🤎
Bedrifta starta eg opp medan eg var lærling. Der eg tok svennebrev som fotograf i 2017 og har holdt på sidan den gong.

Eg er jenta med tine iskaffe i handa året rundt, som drar på countryfestival den eine helga og ser alle sesongar av Deadliest Catch den neste når eg ikkje har bryllup. Ein sucker for solnedgangar, helst med kamera i handa.

Held til i Drammen, men røtene mine er frå Sogn og Fjordane. Eg elskar å fotografere mellom fjord og fjell heime, men også alle dei andre stadane kundane mine tek meg med. Eg er skikkeleg heldig som får reise så mykje i jobben min.

Denne våren tek eg også eit nytt steg ✨
Eg flyttar inn i heilt nytt studio saman med tre andre fotografar. Det blir eit kreativt fellesskap med meir rom for idéar, og ein fin stad å ta imot kundane mine.

I 2027 er det duka for eige bryllup, så eg er litt i mi eiga bride era no. Akkurat slik mange av kundane mine også er 🤍

Her inne vil eg dele glimt frå kvardagen som fotograf:
kundehistorier, små og store prosjekt, litt kvardag og kanskje nokre snikglimt frå vår eigen bryllaupsplanlegging etter kvart (utan å ta heilt av, lovar 😉).

Dei siste åra har eg fått jobbe tett med brudepar, familiar, nyfødte, bedrifter og ein god del bustader. Fleire har kome tilbake igjen og igjen, noko som gjer meg både audmjuk og enormt takknemleg.

Eg er så klar for 2026 og alt vi skal skape saman ✨
Håpar du har lyst til å vere med vidare.

La dagen vare evig 🤎

www.afgeijerstam.com

Bryllupshelga går fort, men stemninga, følelsane og alt de delar denna helga fortjener å vare evig.Eg fotograferer bryll...
05/01/2026

Bryllupshelga går fort, men stemninga, følelsane og alt de delar denna helga fortjener å vare evig.

Eg fotograferer bryllup med fokus på heilskapen.
Menneska, omgjevnadene og det som gjer helga til dykkar historie. Slik at de kan draume dykk tilbake til helga igjen og igjen når de ser på bilda.

Eg har starta å booke bryllup for 2026 og 2027. I år tar eg turen til blandt anna heim til Sogn og Fjordane og Hordaland, kvar blir neste lokasjon?🌄

Har de datoen klar? Send meg ein DM eller trykk på linken i bio for meir informasjon!

Tagg den du planlegg bryllup med, kanskje dykk er mitt neste brudepar? 💍

La dagen vare evig 🤎

www.afgeijerstam.com

Adresse

Drammen
3039

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fotograf af Geijerstam legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fotograf af Geijerstam:

Del

Type