Reiakvam Foto

Reiakvam Foto Reiakvam Foto er den største fotobutikken i fylket. Vi har eit stort utval i album, rammer og bilde

No er eg tilbake frå 3 innhaldsrike dagar på Landsmøte i Norges Fotografforbund. Med meg heim har eg ny kunnskap og mykj...
25/03/2026

No er eg tilbake frå 3 innhaldsrike dagar på Landsmøte i Norges Fotografforbund. Med meg heim har eg ny kunnskap og mykje inspirasjon, samt 2 diplom for "heiderleg omtale" i Landskonkurransen, Norges Fotografforbund 🤩🥳 Eg må også få skryte av dei fantastiske kollegaane eg har i Bergen Fotograflaug som sopa med seg medaljar og prisar for beste bilde i fleire kategoriar. For ein gjeng superkvinner eg får vere i laug med! 💪 Det skjer litt av kvart på Reiakvam Foto no. Følg med framover så kjem det nyheiter av både det eine og det andre slaget 😉

Foto: Lars Martin Bøe /

Vi fekk ein litt annleis siste opningsdag før jul i dag. Ein transformator kortslutta i tredje etasje, noko som førte ti...
23/12/2025

Vi fekk ein litt annleis siste opningsdag før jul i dag. Ein transformator kortslutta i tredje etasje, noko som førte til røykutvikling og full brannutrykning. Vi takkar brannvesenet som var raskt på pletten og fekk konkludert med at krisa var avverga. Takkar også for skryt av dei tilsette. Eg kan love vi ikkje var så høge i hatten der ei stund! 🥵

Om det er nokon som ikkje fekk henta bildene sine i dag på grunn av utrykninga, kan de sende meg ein e-post no i kveld på [email protected], så skal vi finne ei løysing.

Lille julaftan tok det til å brenne i lokala til Reiakvam Foto i Hafstadvegen i Førde.

Straks stengjer vi dørene og tek juleferie etter ei travel og kjekk førjulstid. Vi vil gjerne takke alle som nyttar oss ...
23/12/2025

Straks stengjer vi dørene og tek juleferie etter ei travel og kjekk førjulstid. Vi vil gjerne takke alle som nyttar oss og bestiller store mengder julekort, kalendrar og fine gåver her hos oss. Alle de som vel å nytte dykk av lokale produsentar og butikkar er med å halde liv i byen vår og det mangfaldige butikktilbodet. Det er noko både vi og de bør vere glade for. Takk og god jul! - Dagrun

For seint å bestille julekort og andre bildeprodukt? Absolutt ikkje! Vi produserer på ekspress heilt fram til 23.12! Bes...
18/12/2025

For seint å bestille julekort og andre bildeprodukt? Absolutt ikkje! Vi produserer på ekspress heilt fram til 23.12! Bestill på www.elitefoto.no og vel oss under "klikk og hent", så kan du velje å få produkta dine på timen. Du kan også bestille i kioskane våre om det passar betre. Då får du bildene på ekspress medan du ventar, med eit lite atterhald om kapasitet om mange er ute i same ærend som deg ;-) Vi sjåast!🕙

11/12/2025

Nyheit med nostalgi i. 🎀📷 Yaschica mini-kompakt kamera.
Dette kameraet er designa for barn, ungdom og samlarar som ynskjer ein enkel og morosam måte å ta bilde og spille inn video på.

Trenden med fotografering med eingongskamera har for lengst nådd Førde! Visste du at vi framkallar film fleire dagar i v...
24/07/2025

Trenden med fotografering med eingongskamera har for lengst nådd Førde! Visste du at vi framkallar film fleire dagar i veka? Bildene vel du om du vil ha digitalt, på papir eller begge deler. Ein litt dyr hobby muligens, men det er vel strengt tatt dei fleste hobbyar?

Antal eingongskamera levert til framkalling aukar meir og meir. Men kva er det som lokkar unge til å fotografere analogt?

Vi gler oss stort over nytt liv i Klakegg-bygget etter sommaren! Velkommen til Sørsida, Kvist 🌿
28/06/2025

Vi gler oss stort over nytt liv i Klakegg-bygget etter sommaren! Velkommen til Sørsida, Kvist 🌿

30/04/2025

Tusen takk til alle som kom på omvisinga vår i går! Det er tydeleg at mange er interesserte i gamle bilde frå Førde og omland, og vi håpar det vert fleire liknande arrangement i tida framover. Galleriet vårt er framleis ferskt, og vi jobbar med å utvikle konseptet. Samlinga i går gav oss ein god peikepinn på kva retning vi skal bevege oss i! Og om det ikkje var tydeleg nok i går, så er det sjølvsagt mulig å få kjøpt bilde frå utstillinga, men også frå arkivet vårt. Kom innom i butikken, så ser vi kva vi finn!
Beste helsing
Olav og Dagrun

Tusen takk til alle som var innom Galleri Reiakvam sist helg. Det var verkeleg stas med så mange besøkande på opninga! D...
27/03/2025

Tusen takk til alle som var innom Galleri Reiakvam sist helg. Det var verkeleg stas med så mange besøkande på opninga! Denne helga har vi ope laurdag 11-15 og søndag 12-15. Det er også mulig å komme innom på vekedagane. Foreløpig må du kontakte oss i butikken, så følgjer vi deg opp. Velkommen!

Vi jobbar på med innrammingar, produktutvikling og veggmaling. Fredag er det klart for den første utstillinga vår, og vi...
18/03/2025

Vi jobbar på med innrammingar, produktutvikling og veggmaling. Fredag er det klart for den første utstillinga vår, og vi gler oss stort over å vise dykk det nye galleriet vårt ❤️ Velkommen!

Adresse

Hafstadvegen 15
Førde
6800

Åpningstider

Tirsdag 09:00 - 16:30
Onsdag 09:00 - 15:00

Telefon

+4757821977

Nettsted

http://www.elitefoto.no/, https://reiakvam.shootproof.com/booking/fotografering

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Reiakvam Foto legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Reiakvam Foto:

Del

Type