21/08/2026
SKOGEN ER FULL AV KULTURMINNE!
Eg blei ikkje interessert i foto før eg nærma meg 50-årsalderen 😱 Eg blei sjuk og måtte finne noko anna meiningsfylt å bruke tida mi på enn arbeidet som jurist. Fotografering var då ein av hobbyane eg smått om senn kom i gang med. Det var godt for helsa å dra ut på tur i skogen med fotoapparatet rundt halsen.
I starten hadde eg ikkje nokon spesiell tanke om kva eg ville ta bilde av. Ja, eg visste eigentleg knapt korleis eg skulle få tatt eit bilde med apparatet 🤠 Så eg bare prøvde å ta eit bilde når eg syntes eg såg noko fint.
Men på desse turane rundt om i skogen såg eg at her var det utruleg mykje spennande å finne som eg aldri hadde visst noko om. Til dømes slikt som kan gå under stikkordet "kulturminne". Eg såg gamle sagstemmar, nedrasa hus, flotte tømmerhus, spora etter Setesdalsbanen, eldgamle steingjerde, kverntufter med kvernsteinar i botnen, steinskjermar etter tømmerflotinga, nydelege steinkvelvbruer og gamle brukar, nesten gløymde husmannsplassar, små minikraftverk og mykje, mykje meir.
Det blei etter kvart litt interessant å finne ut noko meir om alt det eg såg. Då oppdaga eg Kulturminnesøk.no. Det er ei nettside som Riksantikvaren har ansvaret for. Der er det opplysningar om og kartfesting av fleire hundre tusen kulturminne i heile Norge. Mykje er lagt ut av profesjonelle kulturminnefolk i fylkeskommunane m.v. Men engasjerte privatpersonar kan óg opprette ein brukarprofil og legge inn kulturminne.
Det har blitt ein veldig givande hobby for meg! Eg får meg litt fysisk aktivitet på dei mange turane ut i skog og mark der eg kan ta alt i mitt eige tempo. Eg blir mykje betre kjend her eg bur og i nabobygdene. Og om 100 år eller meir kan gamle foto som dokumenterer kva for kulturminne som fantes ute i naturen før i tida kanskje ha ein liten verdi for nokon 😁
Etter den spede starten passerte eg just 8.000 foto som eg har lagt inn på Kulturminnesøk.no. Bilda er sjølvsagt i hovudsak frå Evje og Hornnes og Setesdal. Men etter som åra går utvidar eg stadig "horisonten". Sist nå har eg vore fleire kveldar til Bjelland for å sjå etter spor etter den gamle Kolandsheivegen mellom Sylvskardet og Askedalen. Det er like aust for Bjelland sentrum og eit veldig spennande område for meg som er glad i dei gamle vegane. Bildet er ein kulvert ute i skogen der, på det eg vil tru er den første køyrevegen frå ca. 1862.
Den store inspirasjonskjelda mi når det kjem til vegar her i området er Torfinn Normann Hageland. Han har skrive om – og truleg traska langs – omtrent alt som finst av vegar i heile Vest-Agder! Eg les litt i den eminente boka hans om "Gamle veger i Vest-Agder" og så dreg eg avgarde for å sjå om eg kan finne nokre av desse vegane han skriv om.
Det er slett ikkje alt i livet som blir som planlagt eller tenkt eller drøymt om. Iallfall er det slik med mitt liv. Men så kan det opne seg nye moglegheiter og nye "horisontar". Fotointeressen og kulturminna er "nye" hobbyar som eg har stor glede av. Dei har vore med og gjort livet givande sjølv om eg ikkje har eit lønna arbeid å glede meg over 💝