07/09/2026
Dagens info:
Dette blir skrive ein regnfull morgon på den svenske delen av Trans Euro Trail.
Eg tek no ein veldig fortent ferie, føler eg i alle fall sjølv, og har valt den definitivt ikkje raskaste ruta til England. Motorsykkel, telt og ein god del omvegar står på planen.
Før eg kom meg av garde fekk eg også ei lita påminning om kor viktig det er å handle lokalt. Ein stor takk til folket på Polaris Nordmøre, som på kort varsel og ein fredagskveld tok seg tid til å finne og rette opp ei feilmelding som plutseleg dukka opp på GasGas-en. Slik hjelp er det vanskeleg å setje ein prislapp på når ein står klar til å reise.
Tilbake 21. september, klar for fotooppdrag både store og små. Forhåpentlegvis litt tørrare enn akkurat no.
Fant ei lite hytte å sove i natt, så slapp eg pakking av våt telt …